Informasjon om kretsleiren

Av: endre. Opprettet: 15/03-11 kl. 15.45.
Sist oppdatert: 16/03-11 kl. 15.20.

I helga var det tid for leirkomiteen å samles på Bømoen for å ta plassen nærare i ettersyn.

Alle kom ferdag kveld, men sidan det då alt var mørkt ute var det ikkje vits i å ta ein tur rundt leirområdet før dagen etter. Kvelden vart derfor brukt til å høyre kor langt dei forskjellige etatane hadde komen i planlegginga og kva som måtte tenkjast på neste dag.

Laurdagen fekk komiteen eit betre oversyn over området, sjølv om all snøen gjorde at dei yngste sleit med konsentrasjonen.

Det er laga eit eige album frå turen der du får sjå korleis leirområdet ser ut når det er dekt med snø, og korleis sjefane for dei forskjelige etatane ser ut. Albumet finn du til venstre under nyeste foroalbum, eller, om alt verkar som det skal, under denne artikkelen.

Se også: