Speidernes Julemarked 21-23. november

Av: endre. Opprettet: 18/11-13 kl. 13.59.
Sist oppdatert: 18/11-13 kl. 15.12.

Torsdag 21.november kl. 13:00 åpner dørene til årets Julemarked. Her vert det seld både kaker, syltetøy, julepynt og labbar. Her er det mulig å finne gode julepresangar, men husk; det beste går først så her gjeld det å vere tidlig ute.

I timane før 13:00 den 21.november kan ein bli vitne til eit spesielt fenomen. I krysset mellom Marken og Tverrgaten står det ein forsamling av mennesker. Dei verkar ikkje å ha noko til felles med kvarandre, og skular rundt seg samtidig som blikket flikkar mot klokka. Presis 13:00 forstår ein kva dei alle står og ventar på. Då opnar nemleg dørene inn til Speidernes Julemarked, kjent for kvalitet og gode produkter, og det gjeld å vere tidlig ute om ein skal få med seg det aller gjevaste, heimelaga gelear, lefser og kaker.

Speidersenteret bugnar ellers over av labbar, nissar og mykje anna fin julepynt. Her er det noko for alle. På kjøkkenet vert det servert vaflar til dei som treng å styrke seg mellom kjøpa, om du er tørst deler dei glade damene ut både te og kaffe. På det meste er det 9 damer som står bak bordene for å ta unna for alle som vil kjøpe.

Er du ikkje sikker på kva du skal kjøpe til julepresang? Då er det berre å ta turen innom for å sjå seg rundt, internett er ikkje stortnok til at ein kan skrive opp alt ein kan få kjøpt. Om ein kjøper julegavene sine på Julemarkedet slår ein to fluer i ein smekk. Ein får gode kvalitetsprodukter samtidig som ein støttar opp om speiderarbeidet i Hordaland. Alle inntekter går nemleg uavkorta til Hordaland Krins av Norges speiderforbund og det arbeidet dei gjer for barn og unge i Hordaland.

Julemarkerd opnar som sagt torsdag 21.november kl. 13:00 og er opent fram til 20:00. Fredag 22.november er det opent frå 10:00-17:00 og lørdag 23. november 10:30 til 16:00. Om du ikkje rekk innom før helga vert restane seld ut mandag til onsdag 11-16.

Se også: